– I Noreg har lang reisetid til næraste fødeinstitusjon vore knytt til auka risiko for kvinna og barnet, skriver Hilde Engjom. Foto: Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Berekraft og bunad – aukande skilnader i norsk fødselshjelp?

Folkerørsla Bunadsgeriljaen målber uro for opplevde skilnader i fødetilbodet og protest mot nye nedskjeringar. Verkemidla og kommunikasjonsforma er forfriskande nye, men dei samsvarer med bodskap frå forskarar og fagfolk.

FN sine berekraftsmål legg særskilt vekt på betre kvinne-barn-helse og på reduksjon av ulikskap i fordeling av helse (1). Kvinnene si deltaking står sentralt i utforminga av eit godt fødetilbod (2). Institusjonar i nærområdet spelar ei rolle både for helsehjelpa ved sjølve fødselen og i tida før og etter. I USA førte stenging av fødeinstitusjonar i distriktsfylke til fleire fødslar i helseinstitusjonar utan eit etablert fødetilbod og til reduksjon av oppfølging i svangerskapet (3). På leiarplass uttrykte JAMA uro for at kvinner og familiar i distrikta fekk dårlegare tilgang til helsehjelp av tilstrekkeleg kvalitet (4).

Rett behandling til rett tid er målet for fødselsomsorga (5). Barrierar undervegs i forløpet påverkar i kva grad dette målet vert nådd (6). I Noreg har lang reisetid til næraste fødeinstitusjon vore knytt til auka risiko for kvinna og barnet, og vi har sett aukande geografiske skilnader (79).

I Noreg har lang reisetid til næraste fødeinstitusjon vore knytt til auka risiko for kvinna og barnet

Dei fleste kvinner har normale svangerskap og føder friske barn. Få kvinner og barn vert alvorleg sjuke eller døyr i Noreg. Kvifor er det viktig å undersøke sjeldsynte hendingar? Systematisk gjennomgang av hendingsforløp ved alvorleg sjukdom og død kan både påvise svikt og kartlegge faktorar som betrar helseutfall (10).

Betra gjennomsnittstal i mødre- og nyføddhelse kan dekke over aukande absolutte og relative skilnader mellom land og innan ulike grupper i folkesetnaden. Rutinestatistikk vil sjeldan vere tilstrekkeleg til å vise slike skilnader. Vi treng pålitelege data og særskilde analysar for sårbare grupper, mellom anna geografi, etnisitet, utdanning og religion (2511). Det er utarbeidd ei internasjonal rettleiing for forsking med definisjonar og vurderingar av urettvise skilnader i helse (12). Rettleiinga er oversiktleg og klart formulert, og definisjonen av urettvise skilnader i helse klargjer vesentlege premiss for politisk ordskifte og prioriteringar. Endringar i fødselsomsorga som forsterkar barrierar for sårbare grupper, vil motverke målet om likeverdige helsetenester. Slike endringar kan dermed auke urettvis ulikskap i helse, mellom anna ved lengre reisetid (6). Sjølv behandling ved store fødeinstitusjonar ser ikkje ut til å vege opp for ulempene ved lang reisetid (9).

Lønner det seg å spare pengar på fødselsomsorg? I EU var reduksjon i offentlege løyvingar til helse knytt til auka mødredødelegheit (13). JAMA kritiserer innsatsstyrt finansiering i fødselsomsorg (4). Det er i alle høve viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag og eit sakleg ordskifte som tek med og belyser både gode erfaringar og uro.

Del gjerne!

Legg igjen en kommentar!

Les mer?