Annonsen Norengros
– Me må erstatte historia om bevilgning med historiar om problemløysing, innovasjon og ikkje minst prioritering, der me som har best innsikt i oppgåvene me skal løyse, leverer løysingar. Vår medisinsk-faglege kunnskap gjer at me kan bidra til å prioritere helsekroner, mener presidentkandidat Bjørg Bakke.

Opptrapping, taktskifter og varige satsingar: dette er historia om norsk helsevesen anno 2021

Har du nokon gong tenkt over om dine vener eller familie snakkar om opptrappingar, økte ressursar og varige økonomiske taktskifter i relasjon til sitt yrke og arbeid? Dei einaste eg kjenner til som er like hardnakka opptatt av ressursar som legestanden er bøndene.

«Meir midlar», ropar dei ut frå milliontraktoren medan den køyrer gjennom Karl Johan. Traktoren er rett nok gjeldstynga, men det er det ingen som får med seg. Protestane endar med eit nytt jordbruksoppgjer utan at den varige satsinga bøndene etterlyser kjem på plass. Neste vår er dei der igjen.Dei siste ti åra har fokuset frå legestanden vore på vår sjølvopplevde mangel på ressursar. Sjukehus er for små. Løysing: varig opptrapping av investering i sjukehusbygg. Fastlegane har det travelt. Løysing: meir midlar inn i ordninga. Mangel på psykiaterar. Løysing: auka løyvingar. LiS-legar på sjukehus må på kurs: auka løyvingar. Intensivkapasiteten er for dårleg: auka løyvingar. Og slik kan me fortsetje.

Til tross for at me ber om meir i alle ulike former og forum, så føles det ikkje ut som det fungerer. Kvardagen min som lege blir stadig meir pressa. Eg spring raskare, ser fleire pasientar og held meg samstundes fagleg oppdatert i jungelen av retningslinjer og tilbod. Eg er på e-konsultasjon, på telefon og video, vil du ha legebesøk heim stiller eg opp, og eg skriv dei vakraste attestar til både politi, skule og nav.

Med stadig nye og ressurskrevjande behandlingsmoglegheiter drivast kostnadane raskt i vår sektor. Eldrebølgen, og ein mangel på diskusjon rundt ressursbruk i siste leveår, skaper vidare kostnadsvekst. Samstundes som denne utviklinga skjer på arbeidsplassen vår, så er det tverrpolitisk semje om at skattenivået skal haldast nede. Sjølve skattepartiet, Arbeiderpartiet, skal gje «vanlege» folk skattereduksjon. Kvar skal midlane til våre krav då kome frå? Utdanningssektoren? Større uttak frå Oljefondet? Bøndene?

Situasjonen er dermed slik at inntektene til staten ikkje held tritt med det aukande kostnadsnivået i helsesektoren. Og det er før alle våre nye krav ligg på bordet. 

Av og til tenkjer eg at me som legar driv meir med ynskjetenking enn noko anna. Me har laga ei historie om oss sjølve, om helsevesenet og våre utfordringar som berre kan løysast med eit ord «bevilgning». Me står like mentalt fast i den historia som gamlemora i eventyret om Askeladden – med nasen fast i ein vedkubbe. Og slik hadde ho stått i 100 år. Har me andre svar på våre problem enn «meir midlar»? Når svara våre blir forutsigbare og fort kan oppfattast som lite konstruktive, er det då rart at ingen høyrer på oss? Nokre gonger er kanskje auka løyve det einaste svaret, men stort sett bør det vere faktiske løysingar som er vårt svar.

Me legar er menneske med ein spesiell og dyrebar jobb. Ein jobb me set høgt, slik som bøndene. Grunnlaget for våre yrker er eit genuint ynskje om å hjelpe eller å skape, om å fikse eller dyrke, om å utnytte ressursane i menneske og natur på ein berekraftig og etisk måte. Mange som tenker på bønder og jordbruksoppgjer ler litt for seg sjølv. «Å, de bøndene. Da ble det ikke noe i år heller». Kvifor skal me tru tankane er annleis om oss legar?

Me må erstatte historia om bevilgning med historiar om problemløysing, innovasjon og ikkje minst prioritering, der me som har best innsikt i oppgåvene me skal løyse, leverer løysingar. Vår medisinsk-faglege kunnskap gjer at me kan bidra til å prioritere helsekroner. Dette gjer at me har ein kompetanse som ikkje kan konkurrerast med.

Å vere lege eller bonde er verdas beste jobb, men me må skape nye bilete av våre yrker og sektorar som er tilpassa 2021. Historier som handlar om fag, om samfunn og fellesskap, der bodskapen treff både hjerte og hjerne – og kanskje også til slutt lommeboka.

Del gjerne!

Legg igjen en kommentar!

Les mer?